
Bruk oss som din økonomisjef - vi har kompetansen !

HAR DU LEVERT OSS ALLE BILAG OG DOKUMENT FOR ÅRSOPPGJERET ?
Vi er nå i hektisk arbeid med avslutning av rekneskapen og likningsoppgåvene for 2009. Dersom det syner seg at vi manglar opplysningar eller bilag, som gjer at vi ikkje kan få gjort ferdig oppgåvene, må vi leggje vekk rekneskapen din for å ta den opp att seinare når dei manglande opplysningane er på plass. Du havnar då sist i "køen ! I tillegg må vi bruke ekstra tid på å kome igang att og finne ut kva som mangla og om alt vi etterlyste er mottatt. Om ikkje alle opplysningar og dokument er levert oss seinast 26. mai 2010 kan vi ikkje ta ansvaret for at likningsoppgåvene er ferdige til siste frist, som etter søknad er 30.juni. Då må du søkje om utsetjing sjølv.
Dalen, 12.mai 2010
Sigvart Asle Lie, dagleg leiar

